Ferdig med ALLE eksamenar!

Konge!
No skal det feirast!

Eksamenspensumet mitt, slik du skal forstå det

Tut og køyr, her kjem eg!

Det har vore nokre travle dagar, med litt kjekt innimellom. Og i dag vart eg ferdig med den første eksamenen. Eg står (trur eg!)! Vi hadde jo eksamen frå 13.00-17.00, så det vart seint før vi var ferdig, så eg bestemte for å ha kvelden for meg sjølv. Beklager for at eg ditcha julebordet Ellen, men i dag kjente eg at eg måtte ta vare på helsa og meg sjølv. Så eg tenkte eg skulle ha ein avslappa kveld heime. Så eg har vaska to maskine med kle, tatt ut av oppvaskmaskina, vaska opp og lagt saman handdukar, samt vaska over benken. Eg har skifta sengekle og rydda rommet. Ja, ein herlig roleg kveld med X-factor som lyd i bakgrunnen. Kan ein ha det betre? Eg tenkte eigentleg at eg skulle lese to kapittel av pensum også men fann fort ut at det kan eg berre gløyme. Augelokka held på å dette igjen, og klokka nærmar seg berre 23.00. Dokke får ha ein fin kveld kjære blogglesarar. Eg gledar meg til neste tysdag, då er (forhåpentlegvis!) ALLE eksamena ferdig.
Er vi gira? YES WE ARE!

4 jenter eg er glad i

Det er ikkje alltid like enkelt å ta bilete:
Passfoto:

Eg er så glad eg kjenne dykk! Høgdepunktet mitt i veka er å møte dokke fantastiske menneske! Som det står i Salme 45,3: "Du er den fagraste av menneske!" Dykk er dei fagraste av menneske, Amalie, Marta S, Torhild og Marta O!

Dårleg bloggar

Ja, eg les til eksamen. Eller? Gjer eg eigentleg det? I går var eg på kino og såg 2012 saman med Helene. I dag sov eg til halv 12, då vekte Torhild meg. (zZzzz..) Bah! Eg er trøytt! Så las eg 1 time, og no har eg pause. Er eg ikkje fantastisk flink? Ein annan ting som ergrar meg er facebook-chatten som har forsvunne. Til glede for alle eg torturerar med meldingar der. Nei, for eit liv eg har! Tilbake til eksamenmodus folkens! Beklager dårleg blogging. Kjem nok sterkare tilbake.

Lots of kisses!
Lillian

Robbie Williams - Bodies

Eg vart veldig nysgjerrig på teksten til Robbie Williams sin nye singel "Bodies" etter at Stine skreiv på bloggen sin om at han sang "Jesus didn't die for you" fleire gonga. Så eg slo opp teksten, og eg må sei at tolkinga av denne teksten kan vere veldig positiv. Han skriv faktisk fleire gonga "Jesus really died for me. Then Jesus really tried for me". Det som er trist er at han ser på seg sjølv som fortapt. Det at Robbie Williams har tanka om det og har ein song om det, er jo eigentleg i seg sjølv ganske kult. Det kan få folk til å tenke. Og det som blir sagt tilslutt i sangen er jo "Jesus really died for me." Det er det siste som blir sagt. Men, eg er interessert i korleis du tolkar sangen til Robbie Williams.
Syns du at musikkvideoen er bilete på noko?


Her er video MED teksta for den som vil ha den skikkeleg med seg.

Studiegruppe

I går gjekk ting i eitt. Eg starta kl.07.30 å ordne til studiegruppa mi skulle kome. Baka rundstrykker til lunshen. Så kom dei kl.10.00 og eg hadde laga til ei korg med lappar (i forskjellige fargar sjølvsagt) som vi skulle gå igjennom. Veldig greit, og veldig effektivt. Det vart nesten krangling om kven så skulle trekke. Hehe..
Etter studiegruppa for eg til byen til Torhild på bønnegruppa mi. Vil også minne om at no er det ny veke og nye bønneemne kan godt kome inn her. Så der møtte eg fire kjempe gode venna av meg! Eg er så takknemlig over å ha så gode venna i livet mitt! Eg er heldig! Etterpå så for eg heim og gjor litt ex.phil faktisk, og fekk besøk av Marta til kveldsmat. Så det var fult kjør i går frå 07.30-11.00. Crazy bananaz! Vel, no er det blitt torsdag og eg har søtte to timar med ex.phil igjen. Men det er Samfunnsvitenskaplege tenkemåtar som står som første eksamen neste fredag, så eg bør vel pussle meg i dusjen og begynne å lese på det viktigste. Tenk, om tre veke er eg på veg heim! Rart å tenke på.

Eit dukk i arkivet #1

Nokon som hugsar kvar dette er teken? Har nokon ei god historie på lager frå denne turen?

Vår midlertidige heim

This is our temporary home, it's not where we belong
Windows and rooms that we're passing through
This is just a stop on the way to where we're going
I'm not afraid because I know
This is our temporary home

Denne teksta, og sangen brant seg så fast i hjarte mitt, at eg berre måtte kjøpe denne CDen, så den blir sendt heim til meg då eg er ferdig med eksamen. Berre 100kr med porto folkens, på Amazon. Trå til når dollaren er så lav! Eg hadde sangen/albummet på spotify, men så berre forsvann det! Makan! Her har vi Carrie Underwood som fortel litt om denne teksta - Temporary Home.

video

Tenkte kanskje det var kjekt for dokke om eg la ut songen også, frå YouTube:

♥AAFK♥ vann cupfinalen!

Etter første scoring for Molde og utvisning av ein Aafk spelar såg det stygt ut her vi satt i sofaen og stemninga var ikkje heilt på topp.. men så plutseleg i andre omgong, så scora Roberts og vi var tilbake i kampen igjen. Etter ordinær tid og inn i ekstraomgongane så hoppa den eine Moldespelaren så høgt at han kom over alle spelarane og fekk ballen i mål. Nedtur! Vi sig litt ned i sofaen, heilt til det mest uventa skjer! Aalesund scora! 2-2 og det vert straffekonk. 7-6 til Aalesund og vi vann Cupfinalen! Heilt fantastisk. Vi hoppa opp og ned i sofaen og jubla for full hals! Dette hadde vi ikkje trudd då vi skrudde på TV'en for tre timar sidan. Gratulerer med gullet Aafk! Vel fortjent!
foto: scanpix

    Kommentarar

    • Helene M. - 4
    • Martine Anne - 4
    • Miriam Elisabeth - 4
    • Maria G. - 2
    • Arne Martin - 1
    • Brynhild - 1
    • Christine - 1
    • Helene K. - 1
    • Natalie - 1
    • Tone - 1
    • Tonje - 1

    Følgere